|
|
Agder Folkemusikkarkiv skal ha eit frittståande styre på tre medlemmer, som vert oppnemnd av fylkesrådmennene i fellesskap. Styret for Agder Folkemusikkarkiv 2006 - 2010:
1. Styreleiar: Per Norstrøm, kultursjef i Aust-Agder Vara: Hilde L. Austarheim, leiar for museumstjenesten i Aust-Agder.
2. Anne Tone Hageland, fylkeskultursjef i Vest-Agder. Vara: Kjell Abildsnes, sjef for nærings-, samferdsels og kulturavdelingen i Vest-Agder Fylkeskommune.
3. Leiv Solberg, leiar Arendal kulturhus. Vara: Kirsten Bråten Berg, kvedar og sylvsmed.
Styreleiarfunksjonen går på omgang mellom fylkeskommunane sine styremedlemmer.
Styret skal:
Ha ansvar for drifta av arkivet innanfor dei rammer fylkeskommunane vedtek. Fremje budsjettframlegg for arkivet. I samråd med fylkesrådmennene tilsetje dagleg leiar og anna fast personale. Fastsetje organisasjonsstruktur. Vedtake eventuelle retningsliner for dagleg leiars arbeid. Godkjenne innsamlings- og formidlingsplanar.
|
|
Å etablere og drive arkiv for folkemusikk og folkedans i Agder.
Å sikre at eldre og nyare folkemusikk og folkedans i Agder vert teke vare på for framtida.
Å bidra til at formidling av folkemusikk- og folkedanstradisjonane i Agder styrkast.
Å halde arkivets funksjonar lett tilgjengelege for brukarane.
Å aktivt spreie informasjon om og tilby arkivets tenester ovanfor kommunane i Agder, institusjonar, organisasjonar og enkeltpersonar. |
|
|
|